Gå til innhold

Utvider ekspressklarering på Ørje med transittering

I eitt år har det vore mogleg å nytte ekspressklareringsløysinga på Ørje tollstad for transportar som direktefortollar varene på grensa. No utvidar vi løysinga til også å omfatte forsendingsprosedyren transittering. Det inneber at enda fleire transportar kan køyre på Ekspressklarering.

ekspressfortolling

Kven kan nytte Ekspressklarering no?

  • Transporten må gå over Ørje tollstad
  • Varene må følgje ein av følgjande import-/ forsendingsprosedyrar:
    o Direktefortolling
    o Fullføre transittering med direktefortolling
    o Registrere grensepassering og fortsette på transittering inn i landet
  • Eksporten må vere klarert på førehand i Sverige (eksporttype UGE). Dette gjeld likevel ikkje på gods som berre vert transittert. I desse tilfella vil transitteringa avløyse eksporten.

Kva for gevinstar oppnår de?

  • Effektiv og smidig grensepassering utan at sjåføren normalt treng å stoppe og bruke tid i ekspedisjonen
  • Varene kjem raskare fram og logistikkostnader blir redusert
  • Informasjonsflyten blir heildigital og sporbar
  • Automatiske prosessar og færre manuelle prosedyrar frigir tid
  • Verdifull og tidleg erfaring med framtidas digitale grensepassering

Kva gjer de for å kome i gang?

Sjølvbeteningsløysinga på web er no open for transitteringar. Det betyr at dei som brukar løysinga kan lage og sende inn manifest for transportar som inneheld transitteringar. Dersom de ønskjer bistand frå oss når de skal sende inn manifest, ta gjerne kontakt.
Dersom de ikkje nyttar Ekspressklarering i dag, sjå informasjon på nettsida vår for korleis ein kjem i gang.