Gå til innhold

Personvern på toll.no

Føremålet med nettstaden toll.no er å gi informasjon og rettleiing på område som Tolletaten har ansvaret for.

Kommunikasjonsenheten i Tolldirektoratet er behandlingsansvarleg for personopplysningar på nettstaden toll.no.

Informasjonskapslar (cookies) på toll.no

Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som nettstaden du vitjar lagrar på datamaskinen din. Nettstaden nyttar informasjonskapslane til å gi dei som vitjar nettstaden tilgang til ulike funksjonar. Nokre informasjonskapslar vert nytta til å spore internettbruken din.

Når du vitjar nettstaden, må du godkjenne at informasjonskapslar vert nytta. Du godkjenner informasjonskapslar ved å tillate bruk av informasjonskapslar i nettlesaren din.

Informasjonskapslar som samlar inn webstatistikk

På denne nettstaden nyttar vi analyseverktøyet Google Analytics for å lage eit overordna bilete av korleis brukarane nyttar nettstaden. Google Analytics nyttar informasjonskapslar for å kunne gjere dette. Google Analytics tek berre imot generell webstatistikk, som til dømes nettlesartype, tidspunkt, språk og kva for ein nettstad brukaren kom frå. Føremålet med innsamlinga er å skaffe informasjon som hjelper oss å gjere nettstaden meir brukarvenleg. Informasjonen som vert oppretta under vitjinga di, vert vidaresendt og lagra hos Google Inc. I tråd med vanleg praksis på internett registrerar toll.no brukaren si IP-adresse. Vi har valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa di før Google Analytics lagrar informasjonen. Dette gjer at analyseverktøyet kan finne brukaren si geografiske plassering ganske grovt, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Opplysningane som Google tek imot er underlagt retningslinene Google har for personvern.

Google kan overføre den innsamla informasjonen til tredjepart dersom det er eit rettsleg grunnlag for det, eller der tredjepart prosesserer informasjonen på Google sine vegne. Google kan ikkje kople IP-adresser til andre data Google sit inne med.

Informasjonskapslar på toll.no knytt til Google Analytics 
Informasjonskapsel Føremål Levetid
 __utma(Google Analytics) Held informasjon om talet på gonger brukaren har vitja sida, tid for første gong brukaren vitja sida og tid for noverande vitjing. 2 år
 __utmb(Google Analytics) Held informasjon om kor lengje brukaren er på sida (vitjing start og vitjing slutt) 20 min
__utmc(Google Analytics) Held informasjon om kor lengje brukaren er på sida(vitjing start og vitjing slutt) Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka (Session).
__utmz(Google Analytics) Held informasjon om kvar brukarane kom frå (sida brukaren kom frå) 6 månader.
__utmv(Google Analytics) Held spesialvariablar i Google Analytics. Vert nytta til spesiell sporing. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka (Session).

 

Andre informasjonskapslar på toll.no 
Informasjonskapsel Føremål Levetid
ASP.NET_SessionId Held brukaren sin sesjonsidentifikasjon (sessions id), som serveren igjen nyttar for å finne brukaren sin sesjon. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka.
  BIGipServerta-epi-http Held informasjon om kva for ein node brukarane «jobbar» mot. Vert nytta av lastbalanseraren. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka
EpiserverLogin Vert nytta i samband med endring og oppretting av abonnement når brukaren loggar inn. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka
.ASPXROLES Vert nytta over hele nettstaden dersom ein bruker er innlogga. Fortel nettstaden kva for ein rolle brukaren har. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka

 

Korleis unngår du informasjonskapslar?

Dersom du vil avvise informasjonskapslar, så må du endre innstillingane i nettlesaren slik at du enten blokkerer informasjonskapslar (cookies) frå å verte lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å laste ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som du har lasta ned tidlegare, kan du også slette i nettlesaren. For meir informasjon, sjå dokumentasjonen for den nettlesaren du nyttar.

Nyheitsvarsel frå toll.no

Toll.no tilbyr brukarane e-postoppdateringar på ei rekkje tema. Det er frivillig å nytte tenesta. For å kunne nytte tenesta må brukaren registrere e-postadressa si på nettstaden. Vi vil berre nytte denne adressa til denne tenesta og moglege brukarundersøkingar av tenesta. Dersom brukaren avsluttar abonnementet, slettar systemet adressa. Du kan avslutte abonnementet ved å logge deg inn med brukarnamnet ditt og passord, eller ved å sende ein e-post til nettmester@toll.no.

Behandlingsansvarleg for tenesta er kommunikasjonsenheten i Tolldirektoratet.

Del med andre: