Gå til innhold

Elektriske køyretøy

Meirverdiavgiftsfritaket gjeld for både nye og brukte køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i Noreg og som har elektrisk motor til framdrift.

Du skal heller ikkje betale eingongsavgift ved import av elektriske køyretøy.

Fritaket gjeld berre køyretøy som høyrer inn under Stortingets vedtak om eingongsavgift § 5 første ledd bokstav i, og som er registreringspliktige etter vegtrafikklova.

Dei sokalla trolleybussane som går i bestemt rute i Bergen, er fritekne for meirverdiavgift. Skal du importere til dømes elektriske rullestolar, motoriserte sparkesyklar, elektriske køyretøy som skal brukast innandørs på flyplassar eller elektriske køyretøy som blir brukt på golfbaner, må du betale meirverdiavgift. Det same gjeld hybridbilar som nyttar både forbrenningsmotor og elektrisk motor.