Gå til innhold

Deklarering ved eksport

Skal du utføre eller eksportere varer frå Noreg, må du alltid deklarere varene for Tolletaten.

Deklarering (fortolling) er handlinga du som eksportør er pålagd for å melde frå til norske styresmakter om varer du tek med deg ut av landet. Tolletaten kontrollerer deklarasjonen gjennom ein tollekspedisjon. Når Tolletaten har tollekspedert varene, kan dei sendast ut av landet.

Elektronisk deklarering i TVINN

Bedrifter som eksporterer varer, må bruke ein speditør til å deklarere varene for seg. Ein speditør er ein person eller eit firma som tilbyr tenester innanfor transport, oppbevaring og tolldeklarering med meir. Speditørar deklarerer varer elektronisk i Tolletaten sitt fortollingssystem TVINN. Både deklarasjonen frå speditøren og tilbakemeldinga frå Tolletaten skjer elektronisk. Verken eksportør eller speditør møter fysisk opp hjå Tolletaten for å deklarere varene.
Bedrifter kan velje å knyte seg til TVINN på eiga hand i staden for å bruke ein speditør.

Deklarering på eit tollkontor

Det er mogleg å deklarere varene ved å levere eit utfylt einingsdokument (blir også kalla for SAD blankett, Single Administrative Document) til Tolletaten.
Dersom du skal fortolle varer sjølv, må du kontakte tollkontoret som ligg nærast der verksemda di held til. Dei vil gje deg nødvendig informasjon knytt til fortollinga av varer.

Svalbard og Jan Mayen

Svalbard og Jan Mayen er å rekne som tollmessig utland. Det vil seie at du må deklarere varer som du eksporterer dit.

Unntak og letter frå deklareringsplikta

Det er nokre unntak og letter frå deklareringsplikta.

Blant anna er det unntak for

  • transportmiddel o.l. som er i bruk på reisa frå Noreg og tilbake igjen
    • Skal transportmiddelet bli verande i utlandet, til dømes ved sal, må det deklarerast for utførsel
  • yrkesutstyr av mindre verdi
  • reisegods
  • andre varer som ikkje er avhengige av løyver frå andre styresmakter der verdien ikkje overstig 5 000 kroner per sending

Førebels deklarering

I nokre tilfelle kan vareeigar nytte ei førebels deklarering. Krava for å nytte førebels deklarasjon er strenge, og Tolletaten vurderer om krava er oppfylte i kvart enkelt tilfelle.

Mellombels eksport

Det er eigne reglar for deklarering av varer som skal mellombels ut av Noreg.

Restriksjonar på varer

Det er restriksjonar knytte til enkelte varer. Dersom vara er underlagd ein restriksjon, skal du alltid deklarere vara ved utførsel, sjølv om vara fell inn under eit unntak frå deklareringsplikta, sjå avsnittet over.

Klassifisering av varer

Alle varer er klassifiserte med eit varenummer i tolltariffen. Eventuelle tollsatsar, avgifter, gebyr og restriksjonar er alltid knytte opp til dette varenummeret. Når du deklarerer, må du oppgje varenummeret.