Gå til innhold

Slangar, øglar og skilpadder

Det er lov å ta inn 19 ulike reptilartar til Noreg. 12 av desse er Cites-regulert. Privatpersonar kan ta med reptil frå alle land. Kommersielle aktørar, til dømes dyrebutikkar, kan berre kjøpe reptil i eit EU/EØS-land. Du må kunne prove at dyret er ein av dei lovlege artane og at det er født i fangenskap.

Krav til dokumentasjon

  • Cites-regulert: Dette betyr at det må ligge føre «Arts- og opprinnelsesdokument for eksotiske dyr» (Mattilsynet), Cites eksportløyve og Cites importløyve frå alle land (også EØS). 
  • Ikkje Cites-regulert: Ved import av dei sju reptilartane som ikkje er Cites-lista, skal «Arts- og opprinnelsesdokument for eksotiske dyr» ligge føre.

Har du med deg levande reptil frå utlandet skal du gå på raud sone. Alle reptil som vert importert direkte frå land utanfor EU/EØS skal handsamast av Mattilsynet si grensekontrolleining på Storskog eller på Gardermoen.

Dersom dokumenta ikkje ligg føre eller ikkje er korrekt utfylte, må du betale kostnadane for oppstalling og/eller avliving av dyret.

Dersom verdien på dyret/dyra overstig den tollavgiftsfrie kvota for reisande , skal du betale meirverdiavgift.

Hugs at alt du har handla i utlandet er med i verdigrensa, også typiske tax-free varer.

Du kan nå ta med grøn trepyton til Noreg.