Gå til innhold

Kjøpe dyr i utlandet

Du må undersøkje hvilke krav som gjeld om du skal importere dyr du har kjøpt i utlandet. 

Dersom du skal importere dyr til Noreg, må du kontakte Mattilsynet. Det er viktig ikkje å importere dyr som kan ha med seg farleg smitte.

Tollavgift og andre avgifter ved innførsel av dyr

Dersom du sjølv reiser for å kjøpe eit dyr i utlandet, gjeld verdigrensa for tollavgift og avgiftsfri import. Det vil seie at dersom du har vore i utlandet meir enn 24 timar, kan du ta med varer (dyr reknast som vare i denne samanhengen) for inntil 6 000 norske kroner. Er opphaldet kortare enn 24 timar, er verdigrensa 3 000 norske kroner.

Dei fleste kjæledyr er tollavgiftsfrie, men du må alltid betale meirverdiavgift på 25 prosent dersom verdien er over verdigrensa.

Tollsatsen på hestar er 5 000 norske kroner pr. hest. Har du gyldig opphavsbevis fra EU er tollsatsen 0. I tillegg må du betale 25 prosent meirverdiavgift.

Fraktkostnader og forsikringskostnader til Noreg skal også inngå i grunnlaget som meirverdiavgift vert rekna av.

Ønskjer du å importere hest til Noreg, må du på førehand vere registrert for dette hos Mattilsynet.

Ved grensepasseringa

Du må alltid vende deg til raud sone ved innreise til Noreg. Det betyr at du ikkje kan reise med tog då desse ikkje stoppar på grensa. Dersom du skal reise med buss, må du forsikre deg om at bussen stoppar på grensa. Gjer den ikkje det, må du bruke eit anna transportmiddel.

Forbodne hundar og hunderasar

Det er forbode å innføre enkelte hunderasar til Noreg. Sæd eller embryo frå desse rasane er også forbodne innførte. Forbodet gjeld òg blandingar kor ein eller fleire av desse rasane er med, uansett blandingsforhold. Hundetypar som er ein blanding av hund og ulv reknast og som farlige hundar, uansett blandingsforhold.

Like eins er det, uansett rase, forbode å innføre hundar som er spesielt aggressive, kampvillige og uthaldande, og som på grunn av desse eigenskapane er farlege for menneske og dyr.

Trua dyreartar

Mange fugleartar, skilpaddeartar og reptilar er omfatta av reglane for trua dyreartar (CITES) og viltlova. Sjølv om Mattilsynet tillet innførsel av visse reptil må du syte for at eventuelle Cites-sertifikat ligg føre.