Gå til innhold

Reise med trua plante- og dyreartar

Du kan ikkje ta med varer som inneheld eller er laga av trua plante- eller dyreartar inn eller ut av Noreg utan eit spesielt løyve.

Døme på trua dyre- og planteartar (CITES) er

  • ulv
  • fjellrev
  • jerv
  • egg frå trua fugleartar
  • elefant
  • leopard
  • tiger
  • nokre krokodille- og slangeartar
  • nokre orkidear og kaktusar

Meir informasjon om trua dyre- og planteartar og korleis du kan søkje om løyve får du hos Miljødirektoratet.

Har du vore på ferie i utlandet, kan du ha med deg enkelte produkt som inneheld eller er laga av trua plante- og dyreartar utan å søkje om løyve.

Fant du det du lette etter?