Gå til innhold

Handle kjøt, mjølk, ost og andre matvarer

Det er ei kvote på til saman 10 kilo kjøt, kjøtvarer, ost og fôrvarer når du reiser til Noreg frå eit anna EØS-land.

Denne grensa på 10 kilo gjeld ikkje hunde- og kattemat, berre anna dyrefôr.

Ut over kvota er det verdigrensa  som avgjer kor mykje matvarer du kan handle utan å betale norske avgifter.

Kjøt- og mjølkeprodukt frå land utanfor EØS

Du kan ikkje innføre kjøt- og mjølkeprodukter i den personlege bagasjen din eller i postsendingar frå land utanfor EØS-området utan godkjenning frå Mattilsynet.
Les meir om særskilde reglar for kjøt- og mjølkeprodukt frå land utanfor EØS

Potetar

Det er ikkje tillate å innføre potetar til Noreg utan særleg løyve.

Aldersgrense for barn

Barn kan berre ta med seg mineralvatn, sjokolade- og sukkervarer toll- og avgiftsfritt. Dersom dei skal ta med seg andre matvarer toll- og avgiftsfritt, må dei vere fylt 12 år.

 

Mattilsynet forvaltar regelverket

Mattilsynet forvaltar regelverket for import av mat. Les mer på mattilsynet.no: