Gå til innhold

Verdigrensa

Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil 6 000 norske kroner utan å betale avgifter. 

Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for inntil 3 000 norske kroner avgiftsfritt. 

Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, bortsett frå alkohol- og tobakksvarer. 

Turistar

Dersom du er turist, og ikkje er busett i Noreg, er det inga konkret verdigrense for kva du kan ha med deg mellombels til Noreg som reisegods.

Døme på slikt reisegods er kle, pc, mobil, smykke og anna du skal bruke under opphaldet og ta med deg tilbake ut av Noreg. Har du med deg varer som skal vere igjen i Noreg, til dømes varer du skal gi bort eller bruke opp, kan du ikkje ha med deg varer for meir enn verdigrensa på 6 000 kroner.

Kvotene for alkohol, tobakk og matvarer gjelder alle som reiser til Noreg.

Deklarering av varer over verdigrensa for prosedyren overgang til fri disponering

Dersom du har handla varer til ein verdi over verdigrensa, må du deklarere varene for prosedyren overgang til fri disponering. Du skal betale 25 prosent meirverdiavgift på dei fleste varer. I tillegg er det nokre varer som har tollavgift. Forenkla sagt gjeld dette berre klede og matvarer.

Avgifter kan betales når du går på raud sone på grensa. Du må sørgje for å velje ein grenseovergang med eit betjent tollkontor. Vel du å krysse grensa utan å deklarere varene, og du blir stoppet i ein tollkontroll, kan varene bli beslaglagt og du kan bli meldt for smugling.

Det er ikkje alle plassar det ligg eit betjent tollkontor før du passerer grensa, det kan befinne seg på svensk eller finsk side. Desse tollkontorene gjer ekspedisjonsoppgåver for Noreg. Sjekk på kartet kor næraste betjente tollkontor ligg på den vegen du planlegg å køyre. 

Du kan sjølv velje kva for varer som skal inngå i verdigrensa.

Eksempel:

Har du vore ute av Noreg i meir enn 24 timar og har kjøpt ein sofa til 5 000 kroner og ein barnevogn til 3 000 kroner, løner det seg å la sofaen vere ein del av verdigrensa, medan du betaler avgifter for barnevogna.

Dersom verdien av éi vare er over verdigrensa, må du betale avgifter for heile verdien til vara. Har du til dømes kjøpt ein sofa til 10 000 kroner, må du betale avgifter for heile verdien.

Varer som utgjer eit heile, kan du ikkje dele og innføre fordelt på fleire reiser, eller av fleire personar. Dette gjeld sjølv om verdien av den enkelte del er mindre enn verdigrensa. Har du til dømes kjøpt eit kjøkken for 50 000 kroner, kan du ikkje trekkje ut delar av kjøkkenet for å fylle opp den avgiftsfrie kvota på 3 000 eller 6 000 kroner. Du kan da bruke den avgiftsfrie kvota på andre varer innanfor verdigrensa.