Gå til innhold

Kjøt frå eiga jakt

Tek du med deg kjøt frå eiga jakt i eit EØS-land, kan du ta med deg inntil 10 kilo utan å betale toll og avgifter. Tek du med deg meir enn 10 kilo, skal du betale 15 prosent meirverdiavgift.

Har du med deg over 75 kilo kjøt i løpet av eit kalenderår, må du også betale toll for kjøtet.

Hugs at kjøtet du tek med deg må vere til bruk i eige hushald. Du kan ikkje selje det vidare.

Du kan ta med deg kjøt frå EØS-land (unnateke frå område som er regulert som følgje av utbrot av svinepest osb.), av desse dyra:

  • hare
  • rein
  • skogsfugl
  • ryper
  • hjort
  • rådyr
  • dådyr
  • elg
  • villsvin

Meirverdiavgifta på kjøt frå eiga jakt er 15 prosent av ein stipulert pris på 50 norske kroner pr. kilo kjøt.

Døme:

Tal på kilo kjøt: 50 kilo
Stipulert pris pr. kilo: 50 kroner
Grunnlaget for utrekning av meirverdiavgift: 2 500 kroner
Meirverdiavgift på 15 % av 2 500 kroner: 375 kroner

Raud sone

Du må velje raud sone når du kjem til Noreg dersom du har med deg meir enn ti kilo. Her leverer du ei eigenerklæring om at kjøtet stammar frå eiga jakt i EØS-området, og at du skal bruke det i eige hushald.

Ved fortolling brukar du kode S i rubrikk 33 og desse kodane i rubrikk 44 på tolldeklarasjonen:

GEN S03/2745 (gir tollfritak)

GEN S03/2745A (gir fritak for forskingsavgift (FA200), eller

GEN S03/2745B (gir fritak for forskingsavgift FA100)

 

Meir enn 75 kilo

Har du med deg meir enn 75 kilo kjøt frå eiga jakt, må du fortolle kjøtet og betale både toll og meirverdiavgift.

Ved fortolling brukar du kode S i rubrikk 33 og desse kodane i rubrikk 44:

GEN S03/2745A (gir fritak for forskingsavgift (FA200), eller

GEN S03/2745B (gir fritak for forskingsavgift FA100)

Føresetnader

Innførsel av utryddingstrua dyreartar er ikkje tillate utan løyve frå Miljødirektoratet

Dersom det på innførselstidspunktet er innført importforbod eller kjøtet av annan årsak ikkje kan innførast, pliktar du i samsvar med veterinærføresegnene å destruere kjøtet for eiga rekning.

Dersom det ved etterkontroll kjem fram at kjøtet er innført i strid med veterinærføresegnene eller føresegnene nemnt ovanfor, vil vi vurdere å melde saka til politiet eller gjere andre administrative tiltak. 

Kjøt frå land utanfor EØS-området

Ønskjer du å innføre kjøt frå land utanfor EØS-området, kan du kontakte Mattilsynet for informasjon om innførselsføresegnene.