Som reisande til Noreg kan du, i tillegg til den toll- og avgiftsfrie kvota, fortolle inntil 27 liter øl eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar og 500 gram tobakk eller snus.
Du kan fortolle varene over kvoten i KvoteAppen eller på ein av våre fortollingsautomatar. Alternativt må du gå på raud sone og fortolle der.
Vær merksam på at du ikkje kan bruke forenkla fortolling på varer som du kjøper ved ankomst i tollfritt utsal (tax free) på lufthamn. Slike varer må du fortolle med vanlege
avgiftssatsar.
Vare | Mengd | Sats | |
---|---|---|---|
Øl (også sterkøl) over 2,5 volumprosent, og annan drikk med alkoholstyrke over 2,5 til og med 4,7 volumprosent | Til saman inntil 27 liter | 21 kr pr. liter | 7 kr pr. 0,33 liter |
Drikk med alkoholstyrke over 4,7 og under 15 volumprosent (til dømes vin) | 62 kr pr. liter | 47 kr pr. heilflaske | |
Drikk med alkoholstyrke frå og med 15 til og med 22 volumprosent (til dømes sterkvin) | 119 kr pr. liter | 88 kr pr. heilflaske | |
Drikk med alkoholstyrke over 22 til og med 60 volumprosent (til dømes brennevin) | Inntil 4 liter | 380 kr pr. liter | 262 kr pr. heilflaske |
Røykjetobakk | Til saman
inntil
500 gram
|
331 kr pr. 100 gram | |
Snus | 103 kr pr. 100 gram | ||
Skråtobakk | 137 kr pr. 100 gram | ||
Sigarar og sigarillos | 331 kr pr. 100 gram | ||
Sigarettar | Inntil 400 stk. | 331 kr pr. 100 stk | |
Sigarettpapir og -hylser | Inntil 400 stk. | 6 kr pr. 100 blad/hylser |
Ønskjer du å importere større mengder alkohol enn dette, gjeld vanlege avgiftssatsar.
Du kan ikkje innføre drikkevarer med alkohol med alkoholstyrke over 60 prosent utan særskilt løyve.
Tolletaten har fortollingautomatar på føljande stader
Lufthamner
Bergen lufthamn Flesland
Kristiansand lufthamn Kjevik
Oslo lufthamn Gardermoen
Sandefjord lufthamn Torp
Stavanger lufthamn Sola
Tromsø lufthamn Langnes
Trondheim lufthamn Værnes
Svenskegrensa
Svinesund tollkontor
Ørje tollkontor
Ferger
Kristiansand fergeterminal
Colorline Color Fantasy (Oslo-Kiel)
Colorline Color Magic (Oslo-Kiel)
DFDS Crown Seaways (Oslo-København)
DFDS Pearl Seaways (Oslo-København)