Gå til innhold

Privat import av alkohol

Privatpersonar kan innføre øl, vin, brennevin og anna alkoholhaldig drikke til personleg bruk utan å søkje om løyve. Personleg bruk betyr at den importerte alkoholhaldige drikken skal vere meint for bruk i privat samanheng, til dømes til eige bruk eller i familien.

For å innføre alkoholhaldige drikkevarer må du vere over 18 år. For brennevin eller anna drikke med alkoholstyrke over 22 volumprosent, må du vere over 20 år.

Dersom du reiser

Dersom du sjølv reiser, kan du ha med deg kvoten toll- og avgiftsfritt. Ut over det kan du fortolle ein god del med forenkla fortolling. Du kan då bruke automatane for fortolling eller gå på raud sone. Du kan også fortolle større mengder enn kvoten med forenkla fortolling. I så fall må du betale dei ordinære avgiftssatsane. Ta kontakt med Tolletaten på raud sone.

Dersom du får alkohol sendt til deg i ei pakke/sending

Du har lov til å bestille alkohol i utlandet til personleg bruk. Du må då betale ordinære avgifter for heile partiet.

For at innførselen skal reknast som privat innførsel må privatpersonar på eiga hand innføre den alkoholhaldige drikken og stå som importør både formelt og reelt.

Det vert ikkje rekna som privat innførsel dersom fleire private personar går saman om å organisere ein felles innførsel der ein person står for bestillinga. Det vert heller ikkje rekna som personleg bruk dersom den som tek imot alkoholdrikken, som ein annan privatperson har innført, betalar for den eller yter andre tenester i gjengjeld. Det er ingen andre enn kjøpar, salsledd i utlandet og ein uavhengig transportør, som ikkje har noko interesse i salet, som kan involverast i sals- og utleveringsprosessen.

Transportøren vil normalt fortolle sendinga på vegne av deg og leggje ut for avgiftene.

Dersom du ønskjer å fortolle sjølv, må du på førehand avtale dette med transportøren slik at han ikkje fortollar sendinga, men sender deg ei melding om at sendinga er komen og registrert inn på transportøren sitt tollager. Meldinga inneheld mellom anna registreringsnummeret sendinga har i tollageret til transportøren. Deretter oppsøkjer du nærmaste tollkontor og fortollar sendinga. Etter fortollinga må du kontakte transportøren for å avtale levering eller henting av sendinga.

Utrekning av avgift

Dette må du betale ved innførsel av alkohol

  • alkoholavgift
  • emballasjeavgift
  • frakt
  • meirverdiavgift
  • i nokre tilfelle toll
  • eventuelt fortollingsgebyr til speditør/deklarant (til dømes Posten) etter deira satsar.

Alkoholavgifta

For å rekne ut alkoholavgifta må du vite alkoholstyrken på drikken du ønskjer å innføre. Det er fem ulike avgiftssatsar:

Informasjon om avgiftssatsar for alkohol for 2021
Alkoholholdig drikkVolumprosent alkoholKroner
Basert på brennevin over 0,7 8,11 pr. volumprosent og liter
Lettøl og anna over 0,7 t.o.m. 2,7 3,27 pr. liter
Lettøl og anna over 2,7 t.o.m. 3,7 12,28 pr. liter
Øl og anna over 3,7 t.o.m. 4,7 21,27 pr. liter
Vin og sterkøl over 4,7 t.o.m. 22,0 4,76 pr. volumprosent og liter
Brennevin over 22,0 t.o.m. 60,0 8,11 pr. volumprosent og liter

Meirverdiavgift

Meirverdiavgifta på alkohol er 25 prosent av den totale summen når du legg saman
pris på vara +
eventuell toll og andre avgifter +
frakt +
eventuell forsikring +
eventuelle gebyr, provisjonar eller liknande.

Nokre rekneeksempel på avgifter (satsar for 2021)

Vin, éi kasse (12 stk, 0,75 liter, 13 %)

Innkjøpspris: kr 600,00
Frakt: kr 300,00
Særavgifter:  

- avgift på alkohol, kr. 4,76 pr. volumprosent og liter

kr 556,92
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas),
kr 6,20 pr. emballasjeeining
kr 74,40
- grunnavgift på eingongsemballasje,
kr 1,27 pr. emballasjeeining
kr 15,24
Meirverdiavgift 25 % kr 386,64
Totalt å betale:  kr 1 933,20

Øl, éi kasse (24 stk, 0,33 liter, 4,7 %)

Innkjøpspris: kr 120,00
Frakt: kr 300,00
Særavgifter:  
- avgift på alkohol, kr 21,27 pr. liter kr 168,46
- miljøavgift på drikkevareemballasje (metall),
kr 6,20 pr. emballasjeeining
kr 148,80
- grunnavgift på eingongsemballasje,
kr 1,27 pr. emballasjeeining
kr 30,48
Toll kr 1,28 pr. liter kr 10,14
Meirverdiavgift 25 % kr 194,47
Totalt å betale: kr 972,35

Brennevin, éi kasse (12 stk, 0,70 liter, 40 %)

Innkjøpspris: kr 1 600,00
Frakt: kr 300,00
Særavgifter:  
- avgift på alkohol, kr 8,11 pr. volumprosent og liter kr 2 724,96
- miljøavgift på drikkevareemballasje (glas),
kr 6,20 pr. emballasjeeining
kr 74,40
- grunnavgift på eingongsemballasje,
kr 1,27 pr. emballasjeeining
kr 15,24
Meirverdiavgift 25 % kr 1 178,65
Totalt å betale: kr 5 893,25

I tillegg kjem ein pris for fortollinga, men dette er avhengig av kven som fraktar og fortollar vara for deg.

Fant du det du lette etter?