Gå til innhold

Laserpeikarar

Dersom du vil innføre laserpeikarar med over ein milliwatt (mW) styrke til Noreg, må du ha spesielt løyve frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit.

Denne nettsiden er under arbeid, og er foreløpig ikke oppdatert etter den nye vareførselsloven og tollavgiftsloven som gjelder fra 1. januar 2023.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit har ansvaret for forvalting og tilsyn av all bruk av strålekjelder, mellom anna laserpeikarar.

Om laserpeikarar

Laserpeikarar vert kategorisert i klassene 3R, 3B og 4. Klasse 3R har ein maksimalstyrke på 5mW. Klasse 3B har ein maksimalstyrke på 500mW, og laserklasse 4 er dei laserpeikarane som har ein styrke på over 500mW.

Laserar i klasse 3B og 4 skal ha eit synleg og høyrleg signal når dei er på, og ein mekanisme som stoppar strålen fysisk. Det er ikkje nok med ein av/på-knapp, du må faktisk kunne låse laserpeikaren. Bruk av laserpeikarar i klasse 3B og 4 krev augevern og er i hovudsak berre for medisin, industri og forsking.