Gå til innhold

Elektriske og elektroniske produkt

Krav til grensekryssande eksport av brukte elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt). Frå 1. januar 2016 vart det innført krav til testing og dokumentasjon ved eksport av brukte EE-produkt.

Alle som skal sende brukte EE-produkt ut av Noreg, pliktar å setje seg inn i og oppfylle krava til testing, dokumentasjon og emballering.

Bevisbyrda for at krava til eksportørar av brukte EE-produkt er oppfylte, ligg hos eksportørane.

Krava ber mellom anna i seg at:

  • EE-produkta skal emballerast
  • Kvart enkelt EE-produkt skal testast før eksport
  • Testinga skal dokumenterast og festast til kvart enkelt produkt
  • Saman med sendinga skal mellom anna denne dokumentasjonen leggjast ved:
    - Protokoll med dokumentasjon om testing av alle produkta
    - Kontrakt, faktura eller anna som kan dokumentere at produkta er eigna for direkte ombruk
    - Erklæring om at sendinga ikkje inneheld avfall

Miljødirektoratet oppfordrar relevante aktørar til å setje seg godt inn i krava i § 1-24 i avfallsforskrifta.

Les pressemeldinga til Miljødirektoratet her