Gå til innhold

Internasjonal handel i ei kriseprega verd

På Tolldagen 2022 samlar vi mange flinke fagfolk frå heile bransjen og set fokus på viktige utfordringar både for næringslivet og Tolletaten. Du får siste nytt av det som treff den internasjonale varehandelen i ei kriseprega verd.

Tolldagen 2022 vert arrangert i Oslo Kongressenter den 24. november. Sjølv om salplassane er fullbooka, kan du kan framleis melde deg på direktesendinga.

Målgruppa for denne heildagskonferansen er verksemder som jobbar med import og eksport av varer.

Vi har mange spennande foredragshaldarar som finansminister Tryge Slagsvold Vedum, hovudlærar Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets høgskule, avdelingsdirektør Elisabeth Longva frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, tolldirektør Øystein Børmer, avdelingsdirektør Juliana Baffoe i Utanriksdepartementet, sjef for Økokrim Pål K. Lønset, sjefsøkonom Øystein Dørum i NHO og divisjonsdirektør Jan Erik Ressem i Tolletaten.

— Tolldagen er eit viktig møtepunkt for Tolletaten og næringa. Tollbehandling og samarbeidet vi har med næringslivet er viktigare enn nokon gong. Situasjonen rundt oss stiller store krav til oss alle, seier tolldirektør Øystein Børmer.

I pausane kan du snakka med tolldirektør Øystein Børmer og våre samarbeidspartnarar frå Miljødirektoratet og Mattilsynet.  

Presse og media er velkomne til å delta

Kontakt