Gå til innhold

[Utgått]Populær KvoteApp

I 2018 lasta 322 276 personar ned Tolletaten sin KvoteApp. Brukarane fortolla varer for nesten 18 millionar kroner i avgifter. Dei fortollar mest øl og vin.

Tolldirektør Øystein Børmer (foto: Bård Gudim)
Tolldirektør Øystein Børmer (foto: Bård Gudim)
Det vart utført 62 671 fortollingar med KvoteAppen i fjor, ein auke på 80 prosent frå 2017. Det innbetalte beløpet utgjorde nesten 18 millionar kroner. Dette var om lag kr 7,5 millionar meir i innbetalt avgift enn i 2017, ein auke på 73 prosent.

- Med KvoteAppen har det blitt lett å gjere rett. Det er fleire som fortollar varer i dag enn kva det var før appen fanst. Dette viser at tilrettelegging gjennom gode digitale løysningar gjer det enkelt for folk å følgje reglane, seier tolldirektør Øystein Børmer.

Kontakt: 97 65 03 70 (pressevakttelefon)

Kalkulatorfunksjon og fortollingsfunksjon

KvoteAppen har to funksjonar: Med kalkulatorfunksjonen kan du enkelt rekne ut om du er innanfor eller over kvoten. Regelverket er alltid tilgjengeleg når du treng det. Dette er den mest brukte funksjonen i KvoteAppen, 9 av 10 brukarar vel Kvotekalkulatoren.

Med fortollingsfunksjonen kan du raskt og enkelt fortolle alkohol og tobakk direkte i appen. Du kan fortolle alkohol- og tobakksvarer som du har med i tillegg til den toll- og avgiftsfrie kvoten. Med appen kan du fortolle inntil 27 liter øl eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar, 500 gram tobakk eller snus og 400 stk sigarettpapir og –hylser.

Fortollar mest øl og vin

Av dei ulike varetypane fortollar brukarane mest av øl. I 2018 fortolla dei 430 202 liter øl, for til saman nesten 8,9 millionar kroner. Dette er ein solid auke frå 2017 då det vart fortolla 232 010 liter øl for om lag 4,8 millionar kroner.

Brukarane fortollar også mykje vin. I 2018 fortolla dei 92 122 liter vin, for om lag 5,5 millionar kroner. Dette er ein auke med meir enn 50 prosent frå 2017, då det vart fortolla 60 046 liter vin, for om lag 3,6 millionar kroner.

Talet for liter som er fortolla, både for øl og vin, er høgare enn kva Tolletaten beslagla av øl og vin i 2018.

Sjå tal for andre varetypar nedanfor.

Populært med Vipps

I 2018 kom det ei endring i KvoteAppen som gjorde at brukarane også kunne nytte Vipps som betalingsmåte. Allereie få dagar etter at dette vart teke i bruk, vart halvparten av fortollingane betalt med Vipps.

Bedre stat-prisen

I januar 2018 vann Tolletaten Bedre stat-prisen for KvoteAppen. Mellom anna viste juryen til at tenesta er brukarvennleg og utnyttar den enkle dialogen med befolkninga som mobile plattformer gir. Tenesta er gratis og lett tilgjengeleg.

- Vi jobbar med å utvikle tenesta slik at ein i framtida også skal kunne fortolle fleire andre typar varer, seier Øystein Børmer.

Her kan du lese meir om KvoteAppen på toll.no.

Fakta:

  • KvoteAppen vart lansert i juni 2016.
  • Den er tilgjengeleg i App Store og Google Play.
  • Det er mogleg å fortolle alkohol- og tobakksvarer.
  • Når du har fortolla i KvoteAppen, kan du gå på grønt. Du kan også nytte KvoteAppen før du passerer ubetente grenseovergangar, enten du kjem til Noreg med fly, båt, tog eller bil.
  2018 2017
Tal på nedlastingar 322 276 stk 260 892 stk

Tal på fortollingar

62 671 stk 34 760 stk
Innbetalt beløp 17 791 177 kr 10 271 028 kr

 

  2018 2017
Varetype Eining Beløp (kr) Eining Beløp (kr)
Brennevin 4 139 liter 1 348 293

2 592 liter

844 354
Heitvin 649 liter 73 970  392 liter  44 845
Rusbrus o.l. 23 957 liter 498 946  12 717 liter  265 552
Vin 92 122 liter 5 527 244  60 046 liter   3 602 711
Øl 430 202 liter 8 887 920  232 010 liter  4 794 165
           

Røykjetobakk

12 522 gram 36 311  10 520 gram 30 508

Sigarar og sigarillos

4 256 gram

13 121

 3 439 gram 9 970

 Snus og skråtobakk

830 664 gram

996 279

 407 935 gram  489 286

Sigarettar

113 265 stk

328 463

 64 195 stk 186 156

Sigarettpapir o.l.

36 805 stk

1 837

 19 711 stk  983