Gå til innhold

[Utgått]Teken med 100 000 sigarettar

Teken med 100 000 sigarettar

Estlendar teken på Ørje tollstad med 100 000 sigarettar i bilen.

Tollarane på Ørje sette på blålyset og varsla tollkontroll for å stanse ein norskregistrert personbil om kvelden 24. april. Den estiske sjåføren (25) sa han skulle køyre bilen til verkstad i Noreg, noko tollarane ikkje trudde på.

Kontrollen av bilen førte til beslag av 100 000 sigarettar som låg i seks pappesker. Tollbeslaget utgjer 336 000 kroner i avgifter.

 Kontakt: Seksjonssjef Gro Lene Gundelsby, Ørje tollstad, telefon 476 43 999

Tollarane på Ørje fann 100 000 sigarettar i bilen. Foto: Tolletaten