Gå til innhold

[Utgått]Teken med 5 000 liter alkohol i Engerdal

Den polske smuglaren vart levert til lensmannen i Trysil medan tollarane talte opp 5 082 liter alkohol i bilen han køyrde.

Ei tollpatrulje frå Østby tollstad i Trysil i Hedmark oppdaga ein norskregistert Volkswagen LT varebil på fylkesveg 218 ved Drevsjø i Engerdal om morgonen 21. oktober. Bilen vart kort tid etter stoppa av ei tollpatrulje frå Kongsvinger i krysset fylkesveg 218/fylkesveg 26.

Den polske sjåføren (24) fortalte at han var på veg til Trondheim. Tollarane tok med varebilen til Østby tollstad kor dei konstaterte at den var fylt med  4 368 liter øl, 714 liter brennevin og 1 400 sigarettar. Tollbeslaget utgjer 542 000 kroner i avgifter.

Tollarane fann dei originale tyske skiltane i bilen. Chassisnummeret viste at bilen vart stoppa med smuglarvarer på Drevsjø i Hedmark 10. september i år og stolen natta etter. Sjåføren stakk den gongen av då tollarane stoppa han. 

Tollarane fann over 5 000 liter alkohol i varebilen. Foto: Tolletaten.