Gå til innhold

[Utgått]Tatt med sigarettar og alkohol i nordre Hedmark

Tatt med sigarettar og alkohol i nordre Hedmark

Tollarar frå Østby tollstad i Trysil i Hedmark avdekka 70 960 sigarettar og 955 liter alkohol i tollkontrollar i slutten av april.

 Det største beslaget, 67 760 sigarettar, vart gjort då ein tollpatrulje stoppa ein Mercedes Benx Vaneo ved Jordet i Trysil kommune om ettermiddagen 30. april. Bilen vart køyrd av ein litauisk statsborgar (47) som sa han var på veg til Bergen for å besøke mora til passasjeren (40).

Tollarane trudde ikkje på forklaringa og tok køyretøyet med til tollstaden for utvida tollkontroll. Dei fann då eit konstruert holrom fylt med i alt 76 760 sigarettar. Tollbeslaget utgjer 225 000 kroner i avgifter. Ei patrulje frå Trysil lensmannskontor i Innlandet politidistrikt tok hand om dei mistenkte.

927 liter alkohol

Tollarane frå Østby tollstad fann 927 liter alkohol og 3 200 sigarettar natt til 28. april. Tollarane stoppa då ein belgisk registrert bil køyrd av en polsk statsborgar ved Drevsjø i Engerdal kommune i Hedmark.  Tollbeslaget utgjer 93 000 kroner i avgifter.

Badstue og barstolar

Badstuinnredning, barstolar og 28 liter alkohol vart beslaglagt av tollarane frå Østby tollstad då dei stoppa ein litauisk registrert varebil ved Drevsjø natt til 27. april. Varene er verdt 26 000 kroner medan alkoholen utgjer 8 400 kroner i avgifter. Ein litauisk statsborgar køyrde bilen.

Kontakt: Seksjonsjef Inge E. Berg, Østby tollstad, telefon 62 44 86 41

Sigarettane var skjult i eit konstruert holrom. Foto: Tolletaten.