
Ferieturen til Noreg enda på Ørje tollstad for ei kvinne (20) frå Estland natt til 30. oktober.
Tollarane trudde ikkje ho hadde ein kjæraste i Bergen og tok den svensk registerte bilen inn i kontrollhallen. Narkotikahunden Aron 2 markerte her for funn av narkotika i seteryggane.
Tollarane fann i alt 1,9 kilo hasj i bilen. Kvinna og narkotikaen vart deretter teken hand om av mannskap frå Øst politidistrikt.
Kontakt: Seksjonssjef Gro Lene Gundelsby, 476 43 999.
Tollarane på Ørje fann 1,9 kilo hasj i bilen. Foto: Tolletaten.