Gå til innhold

[Utgått]Tatt med 107 000 sigarettar

Tatt med 107 000 sigarettar

Tollarane på Svinesund fann 107 000 sigarettar i personbil.

Tollbeslaget vart gjort etter at tollarane stoppa ein norsk-registrert personbil om kvelden 24. september. Bilen hadde køyrd inn i Noreg på den tidlegare brua over Svinesund.

Den irakiske statsborgaren (48) sa at han ikkje visste kva som var i bilen, men tollarane fann raskt 107 000 sigarettar og 1,5 kilo tobakksvarer. Tollbeslaget utgjer 350 000 kroner i avgifter.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780.

Tollarane fann 107 000 sigarettar i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: