Tollarane på Trondheim lufthamn Værnes fann ei rekke farmasøytiske preparat på flypassasjer etter at narkotikahunden Oscar markerte på han.
Nordmannen, som er i 50-åra, sa at han hadde vært på ferie i Spania. Kontrollen av mannen gjorde funn av 520 tablettar Imovane, 510 tablettar Tramadol og 22 tablettar med opiatar som står på narkotikalista. Tablettane vart funne i ein sokk som mannen hadde skjult på kroppen. Han hadde ikkje legeerklæring eller resept for innførsel av tablettane.
Mannen kan nå vente seg eit førelegg frå politiet.
Kontakt: Seksjonssjef Hallgeir Bjørvik, telefon 918 23 703.