Tollarar og politiet fann ei stor mengde sigarettar, brennevin og tobakksvarer då dei ransaka ein butikk og ein bustad i Bergen i slutten av september.
Ransakinga skjedde etter mistanke om at det ble seld sigarettar som ikkje var fortolla i butikken. I butikken og ein nærliggande bustad fann tollarane 71 940 sigarettar, ni liter brennevin, 7,5 kilo røyketobakk, 33 kilo frukttobakk og vel to kilo snus.
Tollbeslaget utgjer 271 000 kroner i avgifter.