Gå til innhold

[Utgått]Stort alkoholbeslag i Drevsjø

Stort alkoholbeslag i Drevsjø

Tollarar frå Østby tollstad fann over 14 000 liter alkohol i ein polskregistrert lastebil i Drevsjø i Hedmark om ettermiddagen 3. september.

Lasta med alkohol besto av 13 284 liter øl og 802 liter brennevin, konstaterte tollarane som talte opp beslaget. Tollbeslaget utgjer 1 080 805 kroner i avgifter.

Tollarane fann og ein sprettkniv og ein peparspray i bilen. Tolletaten ber om at bilen vart inndratt då den er brukt til smugling og i dårleg stand.

Den polske statsborgaren (29), som køyrde bilen, sa han hadde 18 pallar med bygningsmateriell i lasta då han vart stoppa av tollarane søndag ettermiddag. Mannen vart henta av ei patrulje frå Trysil lensmannskontor.

Kontakt: Seksjonssjef Inge Emil Berg, Østby tollstad, telefon 909 27 081.

Tollarane fann 14 000 liter alkohol i lastebilen. Foto: Tolletaten.