Gå til innhold

[Utgått]Smugla dopingmiddel

Tollarane på Svinesund fann 2 300 dopingtablettar og 120 ampullar med dopingmiddel i varebil.

Den polske sjåføren (38) sa han skulle leverte ei rekke pakker til vener i Oslo og Kristiansand. Han skulle berre vere i Noreg ein dag, sa han.

Tollarane meinte at aldri har så få levert så mange pakker på så kort tid. Dei bestemte seg derfor for ein grundig tollkontroll av varebilen. Dei fann ei rekke pakker i lasterommet. I nokre pakker låg det poser med ris over pakker med dopingmiddel.

Tollarane fann i alt 2 300 tablettar med ulike slag dopingmiddel og 120 ampullar med doping.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780.