Gå til innhold

[Utgått]Smugla 74 000 sigarettar

Smugla 74 000 sigarettar

Tollarane på Svinesund fikk hjelp av politiet til å stoppe ein polskregistrert bil natt til måndag. Tollarane fann 73 740 sigarettar i bilen.

Bilen køyrde inn i Noreg via E6 i sekstida måndag morgon. Tollarane på Svinesund såg grensepasseringa og ei patrulje frå politiet stoppa bilen ved Solbergtårnet. På veg attende til Svinesund prøvde bilføraren å køyre frå politiet, men ferda vart raskt stoppa i Sverige av svensk politi. Dei to polske statsborgarane i bilen vart frakta til arresten i Grålum i Sarpsborg.

Bilen vart skanna på Svinesund og skannaroperatøren såg då framandlekam i golvet. Tollarane fann i alt 73 740 sigarettar i konstruerte holrom i bilen. Tollbeslaget utgjer 244 000 kroner i avgifter.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, Svinesund, telefon 913 61 780

Sigarettbeslaget utgjer 244 000 kroner i avgifter. Foto: Tolletaten.

Del med andre: