Gå til innhold

[Utgått]Smugla 7300 liter alkohol

Smugla 7300 liter alkohol

Lastebil med 7 347 liter alkohol i lasta stoppa i Nybergsund i Hedmark.

Den polske lastebilsjåføren (26) fortalde tollarane frå Østby tollstad at han var på veg til Trondheim då dei stoppa han i Nybergsund i Trysil kommune om kvelden 27. februar. I følgje eksportpapira var bilen lasta med ti pallar med korn.

Då lasta ikkje var deklarert ved grensepasseringa, bar det attende til Østby tollstad for ein grundig tollontroll. Og bak sekkane med korn fann tollarane 549 brett med totalt 6 588 liter øl samt 55 kasser vodka og 57 kasser whiskey med i alt 754,5 liter brennevin.

Lastebilen var og lasta med 60 sekkar korn. Tollbeslaget utgjer til saman 694 000 kroner i avgifter. Ein patrulje frå Innlandet politidistrikt tok hand om den mistenkte lastebilsjåføren.

Kontakt: Seksjonssjef Inge Emil Berg, Østby tollstad,  telefon 909 27 081

Tollarane fann 7 300 liter alkohol i lasta. Foto: Tolletaten.