Gå til innhold

[Utgått]Smugla 141 000 sigarettar

Smugla 141 000 sigarettar

Bergingsbil inneheldt 141 000 sigarettar.

Tollarane på Svinesund gjorde storfangst av sigarettar då dei skanna ein polsk registrert bergingsbil på morgonen 27. august. Fleirbrukshunden Mike markerte og for funn av sigarettar i bilen.

Skannaroperatøren såg framandlekam i lasteplanet. Tollarane fann i alt 141 140 sigarettar her. Tollbeslaget utgjer 459 000 kroner i avgifter.

De to ukrainske statsborgarane, 39 og 32 år gamle, i bergingsbilen fortalde tollarane at dei skulle til Bergen og hente ein bil som dei skulle ha med til Polen. I staden måtte dei bli med politiet til avhør.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, grensekontrollseksjonen Svinesund, telefon 913 61 780.

Tollarane fann 141 000 sigarettar i lasteplanet. Foto: Tolletaten.

Del med andre: