Gå til innhold

[Utgått]Smugla 1228 liter alkohol

Den eine smuglaren stakk til skogs i Halden, men tollarar og politiet greip to menn i følgjebil.

Tollarar frå Svinesund såg to svensk registrerte bilar i Halden om ettermiddagen og kvelden 28. oktober. Tollarane mistenkte smugling og fekk etter kvart kontakt med den eine bilen. Då sjåføren forsto at ein tollpatrulje låg bak, stoppa han bilen og sprang til skogs. Tollarane fann mykje alkohol i bilen.

Kort tid etter greip ein politipatrulje to litauiske statsborgarar i ein Volvo V70. Bilen var fleire gonger sett køyrande saman med bilen med alkoholvarane. 

Tollarane fann 1 053 liter øl, 89 liter vin og 86 liter brennevin i bilen. Tollbeslaget utgjer 105 000 kroner i avgifter.

Tollarane fann 1228 liter alkohol i bilen. Foto: Tolletaten.