Gå til innhold

[Utgått]Fem kilo hasj på bussen

Fem kilo hasj funnet i koffert. Foto: Tolletaten

Passasjer tatt med fem kilo hasj på nattbussen.

Litauaren (28) sette seg på bussen i København for å reise til Oslo. På Svinesund venta tollarane saman med fleirbrukshunden Mike.

Mike markerte på ein stor koffert i bagasjerommet på bussen som ingen av passasjerane sa var sin. Men funn i kofferten førte til at litauaren vart gripen mistenkt for å smugle dei fem kilo med hasj som låg i kofferten.

Mannen vart henta av ei patrulje frå Øst politidistrikt, som har etterforska smuglingsforsøket.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, 913 61 780.

Svinesundtollarane fann koffert med fem kilo hasj. Foto: Tolletaten.