
Tollarar stoppa rogalending med fem fuglar på Stavanger lufthamn. Tre av fuglane var då døde. Veterinær avliva dei to andre.
Fuglane låg i eit plastbur inne i ein koffert. Mannen fortalte tollarane at han hadde kjøpt fuglane i Dubai.
Tre av fuglane var allereie døde då dei kom til Stavanger. Tollarane kontakta Mattilsynet og dei to fuglane som levde var i så dårleg forfatning at dei ble avliva av veterinær.
Mannen hevda at han hadde løyve til å importere fuglane, men det kunne han ikkje bevise for Tolletaten. Tollarane melde han difor for ulovleg innførsel av dyr. Mattilsynet har meldt han for dyremishandling.
Kontakt: Seksjonssjef Valborg Bishop, telefon 952 46 642.
Dei fem fuglane låg i plastbur i ein koffert. Foto: Tolletaten. Last ned større bilete.