
Skanninga av bilen avdekka to kilo kokain i taket.
Tollbeslaget vart gjort etter at tollarane på Svinesund stansa ein tyskregistert personbil om ettermiddagen 28. september i år.
Tyskaren (28) som køyrde bilen sa at han var på veg til Hamar for å vitje ein kamerat og at han skulle vere i Noreg nokre dagar. Tollarane fann raskt eit elektrosjokkvapen i køyretøyet og dei utvida tollkontrollen.
Tollarane skanna bilen og skannaroperatøren såg då eit framandlekam inne i taket. Då tollarane fann ei pakke her vart tollkontrollen «fryst», og Øst politidistrikt bedt om å sende mannskap til tollstasjonen på Svinesund.
Politifolka tok hand om narkotikaen, den mistenkte og etterforskinga av smuglingsforsøket.
Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780
Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet.