Politiet stoppa to bilar med smuglarvarer i Østfold i 20-tida laurdag kveld, etter at tollerane på Svinesund hadde bedt om bistand.
Tollarane fann i alt 2 296 liter øl, 189 liter brennevin og 11 000 sigarettar i bilane, ein Volvo V70 og ein Toyota Landcruiser. To polske statsborgarar køyrde bilane. Tolletaten ber om at politiet inndrar bilane då dei er nytta til smugling.
Tollbeslaga utgjer 241 517 kroner i avgifter til statskassa.
Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780