
Polsk statsborgar (41) stoppa med 2 320 liter alkohol og 19 000 sigarettar i varebilen
Ein tollpatrulje frå Åsnes tollkontor observerte ein Ford Transit då den kjørte inn i Noreg på vegen over Bastuknappen i Våler kommune i Hedmark tidleg om morgonen 30. mai.
Bilen var lasta med 2 124 liter øl, 196 liter brennevin og 19 000 sigarettar, noko som utgjer 263 000 kroner i avgifter til staten.
Bilen hadde falske norske grøne skilt. Tollarane fann dei originale belgiske skilta i varebilen. Tolletaten ber om at bilen vert inndregen då den er manipulert for smugling.
Den polske sjåføren vart transportert til Åsnes lensmannskontor.
Kontakt: Tolletatens pressevakt, telefon 976 50 370
Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet.