Ukrainar tatt med 92 000 sigarettar på Svinesund.
Ei tollpatrulje frå Svinesund tollstad avdekka 92 260 sigarettar i ein tysk-registrert bil om morgonen 11. september. Dei to i bilen sa dei skulle til Bergen på ferie.
Bilen vart skanna og skannaroperatøren såg då framandlekam i golvet og sidepanelet på kjøretøyet. Tollarane fann så sigarettane som utgjer 346 000 kroner i avgifter til statskassa.
Øst politidistrikt etterforskar forsøket på sigarettsmugling.
Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, 913 61 780