Gå til innhold

[Utgått]Smugla 2600 liter alkohol over Magnormoen

Tollpatrulje frå Kongsvinger fann 2600 liter alkohol i varebil.

Den kvite Citroen Jumper varebilen fanga tollarane si interesse då han passerte inn til Noreg på riksveg 2 ved Magnormoen i Hedmark. Tollaraene mistenkte at bilen hadde falske skilt. Ein tollpatrulje stoppa difor bilen på fylkesveg 21 i Vestmarka og fann raskt dei originale polske skilta.

Då tollarane opna bakdørene var bilen fylt med flyttegods. Det framkom etterkvart at bilen vog 5,7 tonn, noko som er 2,2 tonn meir enn den lovleg totalvekta. Under alt flyttegodset fann tollarane 102 kartongar, 2 448 liter øl, og 13 kartongar med i alt 156 liter brennevin. Tollbeslaget utgjer 204 000 kroner i avgifter.

Tollarane leverte den polske sjåføren (27) til politiet.

Kontakt: Seksjonssjef Morten Nystuen, telefon 952 43 810

Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet.