Gå til innhold

[Utgått]Smugla 2223 liter alkohol i Hedmark

Då Hedmark-tollarane opna dørene til varebilen fann dei 2 223 liter alkohol og 11 200 sigarettar.

Den kvite Renault Master varebilen vart observert av ei tollpatrulje frå Østby tollstad om morgonen 23. oktober på fylkesveg 218 i Hedmark. Bilen køyrde i retning Drevsjø sentrum i Engerdal kommune. Ei tollpatrulje frå Kongsvinger stoppa bilen nær Drevsjø.

Tollarane fann raskt ut at dei norske registreringsskiltane var falske. Varebilen var lasta med 2 172 liter øl, 51 liter brennevin og 11 200 sigarettar. Tollbeslaget utgjer 207 500 kroner i avgifter.

Den polske statsborgaren (30), som køyrde varebilen, sa at han var på veg til Trondheim. Ein patrulje frå politiet i Elverum henta mannen. Tolletaten ber om at bilen vert beslaglagt då den er bygd om for smugling.

Kontakt: Tolletatens pressevakt 976 50 370

Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet.