Gå til innhold

[Utgått]Smugla 160 000 sigarettar

To polske statsborgarar vert melde til politiet etter at tollarane på Ørje fann nær 160 000 sigarettar i ein campingbil. Dette er det største beslaget av sigarettar på Ørje i 2016.

Tollbeslaget vart gjort om ettermiddagen 1. oktober da tollarane ved Ørje tollstasjon i Østfold stoppa ein tyskregistrert campingbil på E-18. Sjåføren (47) og den kvinnelege passasjeren (30) sa dei skulle på ferie i Noreg, først til Kristiansand og deretter til Bergen.

Campingbilen vart skanna og tollarane såg då framandlekam i den bakre delen. Her fann tollarane etter kvart 159 800 sigarettar, som dei to i bilen sa dei ikkje kjende til. Tollbeslaget utgjer 519 000 kroner i avgifter. Tolletaten ber om at bilen vert inndregen til fordel for statskassa då den er bygd om til smugling.

Kontakt: Seksjonssjef Gro Lene Gundelsby, 476 43 999

Tollarane fann nær 160 000 sigarettar i campingbilen. Foto: Tolletaten.