Gå til innhold

[Utgått]Fann 3 000 liter alkohol i Oslo

Oslotollarar fann 3 000 liter alkohol i fire bilar.

Då tollarar frå Oslo regiontollstad kontrollerte utanlandske bilar i eit industriområde i hovudstaden, fann dei over 3 000 liter alkohol og 4 000 sigarettar i fire bilar. Ein polsk statsborgar (21) vart gripen, mens fleire andre personar stakk av då dei såg tollarane, og politiet vart varsla.

Dei fire bilane inneheld i alt 2 556 liter øl, 426 liter brennevin og 22 liter vin samt 4 000 sigarettar, noko som utgjer 340 000 kroner i avgifter til statskassa.

Ein av bilane var laga for smugling og Tolletaten ber om at den vert beslaglagt.

Kontakt Tolletatens pressevakt 976 50 370

Oslotollarar fann alkohol i fleire bilar. Foto: Tolletaten. Last ned større bilete.