Gå til innhold

[Utgått]2500 liter alkohol i lasta

Polsk statsborgar køyrde inn i Noreg med 2 500 liter alkohol i lasta, men vart teken av tollarane på Ørje.

Sjåføren (28) tok vegen om den ubemanna grenseovergangen Bjørkebekk i Østfold om ettermiddagen 6. september. Ferda vart oppdaga av tollarane på Ørje og ei tollpatrulje stoppa den polsk registerte varebilen på fylkesveg 124 mot Rakkestad.

Bilen vart skanna og skannaroperatøren såg at det ikkje berre var eit flyttelass i bilen. Ei rekke av kartongane inneheld flaskar med øl og brennevin. Tollarane fann i alt 2 400 liter øl og 156 liter brennevin i bilen. Tollbeslaget utgjer 200 000 kroner i avgifter til staten.

Kontakt: Tolletatens pressevakt, 976 50 370

Tollarane fann ialt 2500 liter alkohol. Foto: Tolletaten.