Gå til innhold

[Utgått]Miljøavgift på drikkevareemballasje - Ringnes Supply Company AS

Ringnes Supply Company AS, miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift.

Miljødirektoratet har fattet vedtak om reduksjon av avgift og fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017.

Miljødirektoratet har i brev av 15. juni 2015 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Ringnes Supply Company AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017. 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt fritak for avgifta. 

Retursystemet til Ringnes Supply Company AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (emballasje til gjenbruk). 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas.  

Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere utan avgift.