Gå til innhold

Personvern i rekrutteringsløysinga

Føremålet med rekrutteringsløysinga i DFØ HR er at Tolletaten skal kunne ta stilling til søknader i rekrutteringsprosessar.

Vi vil også kunne nytte opplysningane til statistikkføremål. Det er frivillig å bruke tenesta og du kan reservere deg mot at vi lagrar opplysningane om deg utover tilsettingsprosessen ved å sende e-post til rekruttering@toll.no. Når tilsetjingsprosessen er ferdig, vil vi berre nytte opplysningar til statistikkføremål. Behandlingsansvarleg for skjemaet er HR-avdelinga ved organisasjonsseksjonen i Tolletaten.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) driv løysinga.

Formidling av opplysningar til tredjepart

Vi gir den offentlege søkjarlista til alle som ber om innsyn. Ein part i ei tilsetjingssak vil få innsyn i den utvida søkjarlista dersom han eller ho ber om det. Ein part i ei tilsetjingssak har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med visse grenser, sjå forvaltningslovforskriften § 15 til § 19.

Innsyn og retting av opplysningar

Du kan be om innsyn i opplysningane du har sendt inn, ved å ta kontakt med Tolletaten. Dersom du ønskjer å reservere deg frå at vi nyttar opplysningane til statistikkføremål, send ein e-post til rekruttering@toll.no . Dersom du oppdagar feil, og vil rette eller slette opplysningar, må du ta kontakt med Tolletaten på post@toll.no.