Gå til innhold

[Utgått]K. G. Puntervold AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2013 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til K. G. Puntervold AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2013 til og med 30. juni 2014.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt fritak for avgifta.

Retursystemet til K. G. Puntervold AS gjeld for drikkevareemballasje av glas for gjenbruk.

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas.

Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere med redusert avgift.