Gå til innhold

[Utgått]Norsk Metallgjenvinning AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2013 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2013 til og med 30. juni 2014.

Til orientering er dette eit nytt retursystem som gjeld frå 1. juli 2013.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 70 %. Dette inneber ei avgift på 30 % av ordinær avgift.

Retursystemet til Norsk Metallgjenvinning AS gjeld for drikkevareemballasje (eingongsemballasje) av metall.

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MB 130, 230, 330 og 430 for drikkevareemballasje i metall.