Gå til innhold

[Utgått]K. G. Puntervold AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 12. juni 2012 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til K. G. Puntervold AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2012 til og med 30. juni 2013.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 93 %. Dette inneber ei avgift på 7 % av ordinær sats.
 
Retursystemet til K. G. Puntervold AS gjeld for drikkevareemballasje av glas for gjenbruk.
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 107, 207, 307 og 407 for drikkevareemballasje av glas.

Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere med redusert avgift.