Gå til innhold

[Utgått]Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2011 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2011 til og med 30. juni 2012.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 %. Dette inneber fullt fritak for avgifta.
 
Retursystemet til Bryggeri - og Drikkevareforeninga AS gjeld for drikkevareemballasje av glas og plast for gjenbruk.
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av glas og avgiftskodane MP 105, 205, 305 og 405 for drikkevareemballasje av plast.