Gå til innhold

[Utgått]SAS Norge AS (Inflight Service Norway AS) - miljøavgift på drikkevareemballasje - vedtak om reduksjon av avgift

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2011 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til SAS Norge AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2011 til og med 30. juni 2012.

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 45 %. Dette inneber ei avgift på 55 % av ordinær sats.
 
Retursystemet til SAS Norge AS gjeld for drikkevareemballasje av boksar i aluminium (eingongsemballasje).
 
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MB 155, 255, 355 og 455 for drikkevareemballasje av aluminium.