Gå til innhold

[Utgått]Endring av importforbod for kjøtt og mjølkeprodukt frå England - i samband med utbrot av Munn og Klauvsjuke (MKS)

Det er den 25. august 2007 vedteke endringar i forskrift 13. august 2007 nr. 975 knytt til utbrotet av MKS i England. Forskriftsendringa inneber ei oppheving av det generelle forbodet mot innførsel av kjøtt og mjølkeprodukt frå England. Forbodet vert no avgrensa til innførsel frå dei smitteråka områda i Surrey i England.
 
Samstundes vert forbodet mot innførsel av levande hestar oppheva.
Etter forskriftendringa vedteke av Mattilsynet er det no forbode å føre inn kjøtt- og mjølkeprodukt berre frå dei smitteråka områda i Surrey i England, medan dei øvrige regionane i England og Nord-Irland ikkje er omfatta av forbodet. Forbodet kjem for å hindre spreiing av smitte etter utbrotet av MKS i England og kjem etter at EU-kommisjonen har vedteke dei same tiltaka for EU-landa. Endringa i forbodet trer i kraft straks
 
Etter forskrifta er det forbode å ta med seg levande klauvdyr eller produkt laga heilt eller delvis av dyra, slik som;
  • ferskt kjøtt, kverna og tillaga kjøtt (td. kjøttdeig, kjøttfarse ol.)
  • andre kjøttprodukt (pølser, spekevarer, karbonadar, kjøttkaker)
  • mjølk og mjølkeprodukt
  • huder og skinn
  • hermetiske varer

Opplistinga er ikkje uttømmande, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon om nemnde forskrift.
 
Forbodet gjeld all import av nemde varer frå motarbeidings- og overvakingsonane i Surrey (UK). Forbodet gjeld all import, men særlege tiltak vert sette i verk ved grenseovergangar der reisande frå England kjem inn i landet. Alle kjøtt- og mjølkeprodukt som kjem frå Surrey i England, og som ikkje har eit (særskilt) helsesertifikat frå engelske styresmakter som dokumenterer at vara er fri for smitte, blir haldne attende og gjort til inkje. Forbodet gjeld òg utførsel av levande klauvdyr til dei ramma områda i Storbritannia
 
Kjøtt og mjølkeprodukt som blir haldne attende skal handsamast som høgrisikoavfall. 
 
Tollvesenet og Mattilsynet ber publikum og reisande om å følgje gjeldande oppmodingar for å hindre at sjukdommen kjem til Noreg, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon.