Gå til innhold

[Utgått]Transittering - Vedtak 1/2009

Endringar i Konvensjonen om ein felles transitteringsprosedyre - norsk samtykke til Felleskomiteens Vedtak 1/2009 ("Kjenslege varer")
Vi viser til Rundskriv av 10. desember 2008  (ref. 2008/03119) vedrørande endring i lista over ”Kjenslege varer”. EF/EFTA sin Felleskomite for Felles Transittering fatta ved skriftleg prosedyre den 31. juli 2009 følgjande vedtak:
 
Vedtaket gjeld endringar i lista i Bilag I til Vedlegg I til Konvensjonen om ein felles transitteringsprosedyre av 20. mai 1987. Konvensjonen sitt Bilag I til Vedlegg I inneheld ei liste over varer som er til større fare for tollsvik (”Kjenslege varer”). Det har vist seg at nokre av varene på lista ikkje lenger kan reknast for å vera større fare for tollsvik og lista blir derfor endra i samsvar med dette. 
 
Vedtaket vert sett i verk frå 1. januar 2009. 
 
Dei gjeldande reglar endrast i samsvar med dette.