Toll- og avgiftsdirektoratet informerer om at Statens landbruksforvaltning har bestemt at det framleis skal gjevast tollreduksjon på landbruksvarer til proviantering av fiske- og fangstfartøy i fjerne farvatn fram til og med 31.12.2009. Avgjerda er heimla i forskrift om administrative tollreduksjonar for landbruksvarer § 20. Tollsatsen skal setjast til 1994- nivå.
Tidlegare rundskriv 2002/0040 av 01.01.2008 går ut.
Det er berre fartøy som høyrer inn under kompensasjonsordninga som får tollreduksjon. Dette er heimla i dei innleiande føresegnene i tolltariffen § 24 og forskrift nr. 83 av 30.09.1980 med seinare endringar. Tildeling av varekvanta til det enkelte fartøyet skal gjerast etter dei same føresegnene.
Eit eventuelt restlager av dei gjeldande varene skal fortollast etter ordinær tollsats dersom dei blir tekne med tilbake til norsk tollområde.
Deklarering i TVINN
Det er lagt inn eit generelt skriv i TVINN som skal nyttast ved deklarering av varer som høyrer inn under ordninga. Når ein deklarerer i TVINN skal fylgjande koder nyttast:
Rubrikk 33 (tollnedsetting): S
Rubrikk 44 (kode, referanse): GEN S2002/0040
Når ein deklarerer varene skal ein nytte manuell deklarasjon (MA) med prosedyrekode 40 i rubrikk 37. Då er det mogleg å nytte Noreg (NO) som opphavsland i rubrikk 34a.